Deltid

55 prosent av kvinnene arbeider fulltid    

I Møre og Romsdal har 44,9 prosent av dei sysselsette kvinnene og 13,9 prosent av dei sysselsette mennene ein stillingsprosent under 100. Dette er 6,6 prosentpoeng høgare for kvinner, og 0,2 prosent lågare for menn enn landsgjennomsnittet.

11 437 kvinner og 5 024 menn i Møre og Romsdal har ein stillingsdel på 50 prosent eller lågare. Dette utgjer 19,2 prosent av dei sysselsette kvinnene og 7,5 prosent av dei syssel sette mennene i fylket. Tilsvarande tal for heile landet er 18,0 prosent for kvinner og 8,2 prosent for menn.

Fordeler vi dei sysselsette på åtte overordna nærings grupper, finn vi ein større del kvinner enn menn i deltidsstillingar i alle gruppene. Størst del sysselsette i stillingsprosentar lågare enn 100 finn vi innan helse- og sosialtenestene, og dette gjeld begge kjønn. 58,3 prosent av kvinnene og 36,1 prosent av mennene som er sysselsett her, har mindre enn 100 prosent stilling. Det er altså 22,2 prosentpoeng forskjell mellom kjønna. Størst forskjell mellom kjønna er det i næringar knytt til varehandel, transport, lagring og overnattings- og serveringsverksemder. Der er forskjellen 30,0 prosentpoeng.

Ser vi på korleis desse forskjellane mellom næringane gjer seg gjeldande i dei tre største byane i fylket, finn vi at delen kvinner som har stillingsdel på under 100 prosent, er noko større i Ålesund og Kristiansund enn i Molde. Dette gjer at Molde er best av dei tre største byane når det kjem til stillingsprosentar under 100 prosent.

Når det kjem til fulltidsstillingar for kvinner, er Molde best i fylket. Der utgjer delen kvinner i fulltidssysselsetting 29,5 prosent av alle sysselsette i kommunen, mot 27,5 prosent i Ålesund og 27,6 prosent i Kristiansund. I kommunane Vanylven, Sande og Rindal er denne delen rundt 16 prosent. Også i kommunane Midsund, Averøy og Aure er delen under 20 prosent. Landsgjennomsnittet er 27,7 prosent.