Melde lovbrot

Færre melde lovbrot i Møre og Romsdal    

Talet på melde lovbrot per 1 000 innbyggarar i Møre og Romsdal er blant dei lågaste av alle fylka. I Møre og Romsdal var det meldt 42,1 lovbrot per 1 000 innbyggarar i 2015/2016. Berre Sogn og Fjordane hadde lågare tal på melde lovbrot per 1 000 innbyggarar. For landet sett under eitt vart det meldt 63,7 lovbrot per 1 000 innbyggarar. Flest melde lovbrot var det i Oslo, med heile 101,3 melde lovbrot per 1000 innbyggarar.

Samla for kommunane i fylket har det vore ein nedgang i talet på melde lovbrot. Når vi samanliknar  talet på melde lovbrot i 2014/2015 med 2015/2016, ser vi ein nedgang på 441 melde lovbrot. Det er ein nedgang på 3,8 prosent. Av kommunane med minst 50 melde lovbrot i 2014/2015 var nedgangen i 2015/2016 størst i Vanylven, Hareid og Eide, med nedgang på høvesvis 26,4, 18,9 og 15,3 prosent. I Nesset, Volda og Sunndal var det ein auke i same tidsrom på høvesvis 26,1, 15,4 og 13,6 prosent. I absolutte tal var nedgangen størst i Ålesund, Molde og Hareid.

I 2006 var det til saman 12 571 melde lovbrot i fylket, mens talet i 2016 var 10 874. I same periode gikk talet på lovbrot knytt til eigedomstjuveri, som er den vanlegaste typen lovbrot, ned med 57,4 prosent. Det er ein nedgang som i absolutte tal (1 793) er høgare enn den samla nedgangen på 1 697 færre melde lovbrot.

Sjølv om det samla talet på lovbrot har gått ned i fylket, har talet likevel gått opp for enkelte grupper lovbrot. Størst prosentvis auke i melde lovbrot var det for seksuallovbrot. Der var auken i perioden på heile 72,8 prosent, eller 177 melde lovbrot. 

Forutan eigedomstjuveri utgjer melde lovbrot knytt til vegtrafikklova og rusmiddellova flest melde lovbrot. Dei tre lovbrotsgruppene utgjer 54,6 prosent av alle melde lovbrot.