Idrettsutøverar

Nedgang i talet på aktive medlemar i idrettsforeningar   

I 2015 var det 78 519 aktive medlemar i Møre og Romsdal*. Dette svarer til om lag 30 prosent av innbyggarane i fylket. Aktivitetsnivået blant alle innbyggarar, blant barn og blant ungdom i Møre og Romsdal er nær det nasjonale gjennomsnittet. 

Same år var det 25 407 aktive barn i aldersgruppa 6–12 år, 113 prosent av talet på innbyggarar i same aldersgruppe, eller 1,1 idrettsaktivitetar per barn. Dette vitnar om høg aktivitet blant dei som er med på idrett, med aktiv deltaking i fleire idrettar. Blant ungdom (13–19 år) var det 15 288 aktive i 2015, eller 63 prosent av innbyggartalet i same aldersgruppe. 

Det er store variasjonar mellom kommunane i fylket i kor mange som er aktive idrettsutøvarar. Norddal (59 prosent), Stordal (58,4 prosent) og Stranda (55,4 prosent) har høgast del aktive, mens Ørskog (14 prosent), Smøla (10 prosent) og Aukra (10 prosent) har lågast del aktive i befolkninga samla sett.  

Også blant barn og ungdom er det store forskjellar mellom kommunane. I Norddal var delen aktive barn 211 prosent, eller 2,1 idrettsaktivitetar per barn. Stranda kommunen kom nest høgast med 1,9 idrettsaktivitetar per barn i 2015. Landsgjennomsnittet var på 114. I Norddal var delen aktive ungdomar på 131 prosent. Landsgjennomsnittet var 63 prosent. 

Frå 2006 til 2015 har delen aktive i Møre og Romsdal gått ned med 12 prosent. Nedgangen nasjonalt er på tre prosent i same periode. Frå 2006 til 2015 auka delen aktive barn med fire prosent i Møre og Romsdal, mot 12 prosent for landet. 

Fridrett, fotball, handball og kampsport er dei aktivitetane det relativt sett er meir av i Møre og Romsdal enn i 
 resten av landet. Aktiviteten blant barn følger dels dei same trendane. 

*Tal basert på idrettsregistreringa til Norges idrettsforbund. Tala er ikkje registrert på individnivå, og vi har ikkje oversikt over kor mange personar som er aktive i fleire idrettar