Ferjer og tunge kjøretøy

Tungtransport på ferje krev stor kapasitet    

Ferjene i Møre og Romsdal fraktar ein stor del tyngre køyre tøy, her vist i form av talet på køyretøy med ei lengd på over 12 meter. Som vi ser, er til dømes ferjesambandet Åfarnes - Sølsnes det femte største ferjesambandet i fylket målt i årsdøgntrafikk (personbileiningar), men det er fjerde størst i frakt av køyretøy over 12 meter. Åfarnes - Sølsnes fraktar om lag like mange køyretøy over 12 meter som riksvegferjestrekninga Halsa - Kanestraum. Magerholm - Sykkylven er det tredje største ferjesambandet, men er bak fem andre samband i frakt av køyretøy over 12 meter.

Åtte samband i fylket frakta over 10 000 køyretøy på over 12 meter i 2016, fire fylkeskommunale og fire riksvegsamband. Ser vi på frakt av køyretøy over 12 meter på sambanda med minst trafikk, finn vi at dei i stor grad held plasseringa i høve til årsdøgntrafikken målt i personbileiningar.

Trafikktoppane kjem i ulike månadar i ulike samband    

Ser vi på månadsvis trafikkfordeling for dei seks største ferjesambanda (målt i personbileiningar), finn vi at trafikktoppen kan vere ulike i månader. Sambandet Åfarnes - Sølsnes har trafikktoppen i juli månad, mens sambandet Magerholm - Sykkylven har lågast trafikk denne månaden. Av dei seks største sambanda har òg Åfarnes - Sølsnes den største sesongmessige variasjonen følgd av riksvegferjestrekninga Halsa - Kanestraum.

For alle sambanda i Møre og Romsdal samla er juni, juli og august månadene med mest trafikk. Det er sambandet Eidsdal - Linge som har den største sesongmessige variasjonen, der 57 prosent av all trafikken gikk i månadene juni til august i 2016.