Kollektivtrasear og påstigande

Bussen går der folk bur og arbeider    

Kartfesting og samansetting av fleire ulike datakjelder og statistikk kan gi oversikt og få fram samanhengar som elles ikkje er så enkle å sjå. I dette kartet er det lagt inn ei rekke ulike datasett i kartlag, slik at dei kan visast samla eller eitt for eitt. Kartet kan sjølvsagt også justerast i forhold til måle stokk, Det kan dermed vise eit overordna bilde eller meir detaljerte fakta som først blir synlege ved låg målestokk. 

Det er lagt inn busstrasear i Ålesund kommune i form av geografiske koordinatar, der kvar busstrasé har nummer på linja som blir køyrd. I tillegg er det lagt inn koordinatar for alle haldeplassar i kommunen. På haldeplassane er det lagt inn lillafarga som syner talet på på stigande passasjerar på kvar enkelt haldeplass. Vidare er det lagt inn befolkningsdata i kvadratar, med mørkare farge di tettare befolkninga er. Der det ikkje bur folk, men er tekniske anlegg, forretningsdrift eller liknande, blir kartet kvitt. Til slutt er det lagt inn ei blåfarge for arbeidsplassar med tal på tilsette. Blåfarga er større og mørkare dess fleire arbeidsplassar og tilsette det er i området.

Kartet viser at det er god flatedekning (mange som har tilgang på kollektivtransport) der folk bur og arbeider. Det kjem òg fram at det er få busstrasear der det bur lite folk. I områda med låg busetting der det likevel går buss, viser kartet at det er få påstigande passasjerar. Vi  kan òg sjå at det er motsett, altså høge tal for påstigande passasjerar på Moa. 

På dei same punkta ligg det mange arbeidsplassar som blir vist som store mørkeblå koroplet. Det vi òg kan sjå på kartet, er at på enkelte punkt der det er høg befolkningskonsentrasjon, er det få påstigande, for eksempel i Breivika sør for Moa.