Skolestruktur

Færre grunnskolar   

Grunnskolen er det tiårige utdanningsløpet for barn og unge i alderen 6 til 16 år (barneskolen pluss ungdomsskolen). I 2016 var det 202 grunnskolar i fylket. Av desse er 123 barneskolar, 50 kombinerte barne- og ungdomsskolar og 29 ungdomsskolar. Sidan 2002 har det vorte totalt 55 færre grunnskolar i fylket. Den største nedgangen er det for barneskolar, med 46 færre skolar. Det er sju færre kombinerte barne- og ungdomsskolar og to færre ungdomsskolar. 

Nasjonalt har det vore ein nedgang på 440 barneskolar, 12 kombinerte barne- og ungdomsskolar og 23 ungdomsskolar sidan 2002. Kommunane med den største nedgangen i talet på grunnskolar sidan 2002 er Ørsta og Herøy. Møre og Romsdal står for om lag 12 prosent av nedgangen i talet på grunnskolar i Noreg sidan 2002. 

Flest mellomstore skolar   

Av dei 202 grunnskolane i fylket har 45 prosent mellom 100 og 299 elevar. 42 prosent av skolane i fylket har færre enn 100 elevar, mens 13 prosent av skolane har over 300 elevar. 12 kommunar i fylket har skolar med over 300 elevar. 

I landet elles er det fleire skolar med høge elevtal enn i Møre og Romsdal. 30 prosent av skolane i landet har over 300 elevar. Delen mellomstore skolar med mellom 100 og 299 elevar i fylket er om lag som i landet elles. Møre og Romsdal har fleire skolar med under 100 elevar enn gjennomsnittet i landet. 30 prosent av skolane i landet har færre enn 100 elevar. 

Ålesund har med sine 21 skolar flest i fylket, etterfølgd av Molde med 14 og Kristiansund med 13 skolar. Av grunnskolane i fylket er 24 prosent lokalisert i dei tre største byane. Til samanlikning har desse kommunane 35 prosent av 6–15 åringane i fylket.