Ungdomar si vurdering av lokalmiljøet
Ungdom også nøgde med lokalmiljøet
Av ungdomsskoleelevane i Møre og Romsdal svarte 68,9 prosent i 2016 at dei var «svært fornøgd» eller «litt fornøgd» med lokalmiljøet der dei bur. For landet var det 70,1 prosent som svarte det same. Utviklinga for landet har vore stabil, mens det i Møre og Romsdal har vore ei litt negativ utvikling (-1,7 prosentpoeng frå 2012 til 2016).
Datamaterialet bygger på Ungdata-undersøkingane, og det er ulikt kva år kommunane har gjennomført undersøkingane. Av dei tre største byane i fylket var ungdomane i Molde mest fornøgde med lokalmiljøet med 79,3 prosent (2015), mens tala for Ålesund var 74,3 prosent (2013) og 71,4 prosent i Kristiansund (2014). Alle tre byane låg over fylkesgjennomsnittet.
Å høyre til i lokalmiljøet er viktig for ungdom, som brukar lokalmiljøet i større grad og på ein annan måte enn vaksne. Mangfald av organisasjonar, fritidstilbod, kulturtilbod, møteplassar, rekreasjonsområde og urørt natur er viktig for å skape identitet, tilhøyrsle, individuell utfalding og velferd.