Sysselsetting innvandrarar

Høg sysselsetting blant innvandrarane i Møre og Romsdal

Sysselsettinga blant innvandrarane i fylket er framleis noko høgare enn på landsbasis. I Møre og Romsdal er 62,3 prosent av innvandrarane sysselsette mot 60,2 prosent for landet sett under eitt. I 2016 var det i alt 16 152 sysselsette innvandrarar i fylket.

Innvandrarbefolkninga kan delast i to grupper, der gruppe 1 består av innvandrarar frå EU/EFTA, Nord-Amerika, Australia og New Zealand, og gruppe 2 består av innvandrarar frå Asia, Tyrkia, Afrika, Latin-Amerika, Europa utanom EU/EFTA, Oceania utanom Australia og New Zealand. Gruppe 1 utgjer 66,7 prosent av dei sysselsette innvandrarane i fylket, mens gruppe 2 utgjer dei resterande 33,3 prosentane. Forskjellen i sysselsetting mellom dei to gruppene er ikkje overraskande, da det er langt fleire arbeids innvandrarar i gruppe 1 enn i gruppe 2. Samanliknar vi delen sysselsette i gruppe 1 og 2 her i fylket med landsgjennomsnittet, finn vi at begge gruppene ligg over det dei gjer på landsbasis.

Dei kommunane (bustadkommune) der innvandrarane utgjer størst del av den samla sysselsettinga, er Sande, Stranda og Stordal, mens kommunane der innvandrarane utgjer lågast del av den samla sysselsettinga, er Surnadal, Halsa og Eide. I absolutte tal er det, ikkje overraskande, Ålesund, Molde og Kristiansund som har flest sysselsette innvandrarar i kommunen. Delen sysselsette i gruppe 1 er høgast i Sykkylven, Midsund og Tingvoll og lågast i Volda, Nesset og Gjemnes. Sysselsettinga blant innvandrarar frå gruppe 2 er lågast i Halsa, Smøla og Tingvoll, mens ho er høgast i Sandøy, Stordal og Norddal.

I ni av dei 36 kommunane i fylket er delen sysselsette blant innvandrarane høgare enn han er for befolkninga elles. Størst forskjell er det i Midsund, der sysselsettinga blant innvandrarane er 6,9 prosentpoeng høgare enn i befolkninga elles.