Reiseliv

Vekst i alle reiselivsnæringar, men opplevingsbransjen aukar mest   

Opplevingsnæringa er den delen av reiselivsnæringa som aukar mest og står for det største vekstbidraget. Verdiskapinga her var i 2015 nær 300 millionar meir enn i 2004, og det er meir enn ei firedobling. Sidan Møre og Romsdal ønsker å vere eit aktivitets- og opplevingsfylke, er det ekstra gledeleg at det er god utvikling her. Mykje av veksten skuldast vekst hos offentlege kulturtilbydarar og idrett, men det er også ein fin auke hos private aktørar. På verdsbasis er det opplevingssegmentet som skaper størst auke i talet på besøkande.

Reiselivsnæringane i Møre og Romsdal har, med unntak av olje, gass og den maritime næringa, hatt større vekst i verdi skaping på 2000-talet enn resten av næringslivet.

Møre og Romsdal hadde i 2016 totalt 1 448 595 overnattingar ved hotell, campingplassar, hyttegrender og vandre heimar. Dette er ein auke på 6,7 prosent samanlikna med 2015. 950240 nordmenn overnatta på kommersielle anlegg dette året. Dei utgjer den desidert største og viktigaste gruppa for Møre og Romsdal og stod for 65,6 prosent av det totale talet på overnattingar i fylket. I 2016 var det totalt 498 355 utanlandske overnattingar i fylket, som representerer ein auke på heile 18,3 prosent samanlikna med 2015. Auken i norske gjestedøgn var på 1,5 prosent.

Dei viktigaste marknadene for Møre og Romsdal er, forutan nordmenn, Tyskland, Sverige, Nederland og Storbritannia, som alle unntatt Storbritannia (nedgang på 1,6 prosent) viser ein fin auke.

Møre og Romsdal har 4,4 prosent av dei totale overnattingane i Noreg. I tillegg kjem cruise- og hurtigruteturistar og privat utleige. Cruise- og hurtigruteturistane blir rekna som dagsturistar sidan dei ikkje overnattar i land. Møre og Romsdal er det største cruisefylket på Vestlandet, og 683 941 cruisepassasjerar fordelt på 418 cruiseanløp 
besøker fylket i 2017.