Barnevernstiltak

Over 3 000 barneverntiltak i 2016   

I løpet av 2016 var det i alt 3 016 barn med barneverntiltak i alderen 0 til 22 år i fylket. Dette tilsvarer 29,7 tiltak per 1 000 barn. Det er 2,9 tiltak per 1 000 barn høgare enn landsgjennomsnittet. Flest barneverntiltak per 1 000 barn var det i Telemark (34,1), mens det var færrast i Akershus (20,6).

Barneverntiltaka kan enten vere hjelpetiltak eller omsorgstiltak. Hjelpetiltak er det når barneverntenesta på grunn av tilhøva i heimen eller av andre grunnar knytt til barnet, sett i verk hjelpetiltak for barnet og familien, for eksempel støttekontakt, besøksheim, barnehageplass eller avlasting. Eit barn kan òg plasserast utanfor heimen som eit hjelpetiltak. Omsorgstiltak er grunngjeve i barnevernlova i § 4. Alle vedtak om å ta over omsorga for eit barn og plassere det til oppfostring borte frå heimen, blir avgjort i fylkesnemnda. Eit barn kan vere under omsorg til det er 18 år. 

Av dei 29,7 tiltaka per 1 000 barn i fylket er 23,9 hjelpetiltak, mens 5,7 er omsorgstiltak. Både for landet og for Møre og Romsdal har talet på barne verntiltak per 1 000 barn vore stabilt dei siste fem åra. Møre og Romsdal har ein større del barn med barnevernstiltak i alle aldersgrupper.

Blant kommunane i fylket var det flest barneverntiltak per 31.12.2016 i Smøla, med 54,2 tiltak per 1 000 barn, mens  Norddal hadde færrast barneverntiltak per 1 000 barn. 20 kommunar låg over gjennomsnittet for fylket, mens 16 låg under. Samanlikna med landsgjennomsnittet på 26,8 barneverntiltak per 1 000 barn låg 26 kommunar i fylket over, mens 10 låg under.

Det er fleire barneverntiltak for gutar enn for jenter i fylket, målt i tiltak per 1 000 barn. Per 31.12.2016 var det 6,1 omsorgs tiltak per 1 000 gutar, mens det var 5,3 omsorgstiltak per 1 000 jenter. På same tid var det 25,5 hjelpetiltak per 1 000 gutar og 22,3 hjelpetiltak per 1 000 jenter i fylket.