Val av utdanningsprogram

Auke i val av studieførebuande,  flest vel yrkesfag   

I Møre og Romsdal vel framleis over halvparten av ungdomane yrkesfag. Det gjer oss til eit av dei største yrkesfagfylka i landet. I skuleåret 2016/17 valde 2 099 ungdom yrkesfaglege studieprogram, medan 1 955 valde studieførebuande utdanningsprogram. Samanliknar vi skuleåret 2016/17 med skuleåret 2012/13 ser vi at det har vore ein nedgang i talet som vel yrkesfaglege studieprogram på 11,5 prosent, medan det har vore ei auke på 10,8 prosent i val av studieførebuande utdanningsprogram. 

Det har ikkje vore store endringar i val av studieretningar innan for yrkesfaga sidan skuleåret 2012/13, med unntak av retningane design og handverk og naturbruk, som har høvesvis har opplevd ein nedgang på 28,7 prosent og ein vekst på 30,0 prosent. 

Etter opplæring i bedrift tek elevane ei fag- eller sveineprøve som gir høvesvis fagbrev eller sveinebrev. Utviklinga sidan 2012/13 har vore positiv, både i Møre og Romsdal og i landet elles. I Møre og Romsdal har talet elevar som har fått fag- eller sveinebrev auka med 18,4 prosent eller 274 elevar frå 2012/13 til 2015/16, medan det på landsbasis var ei auke på 19,0 prosent eller 4 029 elevar i same periode. 

I Møre og Romsdal har det vore størst vekst i talet på fag- og sveinebrev innan helse- og oppvekstfag og service og samferdsel, med ein vekst frå 2012/13 til 2015/16 på høvesvis 118 og 92 fag- og sveinebrev. Det er berre studieretninga teknikk og industriell produksjon som har hatt ein nedgang i talet på fag- og sveinebrev frå 2012/13 til 2015/16, med ein nedgang på 2,0 prosent eller 11 fag- og sveinebrev. Teknikk og industriell produksjon  er framleis den studieretninga kor det blir tatt flest fag- og sveinebrev, i alt 530 i 2015/16, noko som utgjer 30,0 prosent av alle fag- og sveinebrev i Møre og Romsdal.