Nøkkeltal

Gode netto driftsresultat for dei fleste kommunane i fylket   

Alle kommunar skal rapportere informasjon om verksemda til Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennom Kommune-StatRapporteringa (KOSTRA). I tabellen på denne sida finn vi sentrale indikatorar på den økonomiske tilstanden i kommunane. Alle tal i tabellane er basert på tal frå kommunekonsern, som, i tillegg til kommunekassa, òg inkluderer kommunale føretak og interkommunale selskap.

Netto driftsresultat er hovudindikatoren på den økonomiske situasjonen i kommunane. Netto driftsresultat er resultatet etter at alle drifts- og finansutgifter er betalt. Tilrådinga er at netto driftsresultat i gjennomsnitt skal utgjere minst 1,75 prosent av brutto driftsinntekter. I 2016 var samla netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter for kommunane i Møre og Romsdal 3,5 prosent, noko som er det beste resultatet på 2000-talet.

Mykje av forklaringa på dei gode resultata i kommunane må tilskrivast ekstraordinære omstende. Utbytteskatten vart justert opp i samband med ny skattereform i 2016. Tilpassingar til reforma gjorde at store meirskatteinntekter gjennom utbytte og andre eigaruttak kom til skattlegging i 2016.

Kommunar kan nytte midlar på disposisjonsfond både til drifts- og investeringsføremål. Kommunane kan, i år med underskot i drifta, dekke dette inn gjennom avsetningar i disposisjonsfond, som dermed vil kunne utgjere ein buffer mot ubalansar i kommuneøkonomien. Det er tilrådd at kommunane har eit disposisjonsfond på minst fem prosent av brutto driftsinntekter.

Statistisk sentralbyrå har tal frå og med 2003. I denne perioden har storleiken på disposisjonsfonda som del av brutto driftsinntekter aldri vore større enn i 2016 for kommunane i Møre og Romsdal og i resten av landet, høvesvis 5,5 prosent og 8,3 prosent.

Ein stor del av denne framgangen må likevel til skrivast meirskatteinngangen i 2016, og til dels i 2015, og kan vere av forbigåande karakter. Det er store forskjellar mellom kommunane i den relative storleiken på disposisjonsfonda, og mange kommunar har knapt nok midlar på disposisjonsfond.

Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter er ein annan sentral indikator på den økonomiske tilstanden i kommunane. Netto lånegjeld er langsiktig lånegjeld utanom pensjonsforpliktingar, og fråtrekt utlån og ubrukte låne midlar. I Møre og Romsdal er dette forhaldstalet 100,5 prosent. Ifølge dette forholdstalet er det berre kommunane i Finnmark som har meir gjeld. Ulstein er dessutan den kommunen i landet med høgast netto lånegjeld.