Friluftsliv

Best anleggsdekning for friluftsliv i mindre kommunar   

64 millionar kroner eller 11 prosent av spelemidlane i Møre og Romsdal i perioden 2007–2016 har gått til bygging av friluftslivsanlegg.

Mange kommunar med lågt folketal og spreidd busetting har god anleggsdekning. Kommunane Rindal, Tingvoll, Gjemnes, Aukra, Nesset, Norddal, Stordal og Stranda har færre enn 5 000 innbyggarar. Alle desse har god anleggsdekning for friluftsliv. Rauma kommune er den einaste kommunen med folketal høgare enn 5 000 som har god dekning på friluftsanlegg i forhold til fylkessnittet.  

Kristiansund, Molde, Ålesund, Sula Herøy, Volda og Giske er alle kommunar med folketal høgare enn 8 000. Alle desse kommunane ligg på den lågaste anleggsdekninga for friluftsliv. I tillegg har Sande og Sandøy få anlegg. Dette er små kommunar både når det gjeld folketal og flatemål.

Mange med i friluftslivsorganisasjonar   

I Møre og Romsdal var det 13 193 medlemar i Den Norske 

 Turist forening (DNT) i 2015, noko som utgjer 4,9 prosent av alle innbyggarane i fylket. Dette er som landsgjennomsnittet.

Fylket ligg over landsgjennomsnittet for kor stor del som er med i speidarforbunda. 1 624 var medlemar i 2014, noko som utgjer 35 per 1 000 innbyggarar i alderen 6–19 år. For landet var det tilsvarande talet 33 per 1 000 innbyggarar. Det er speidarar i 25 kommunar i fylket. Midsund har 143 speidarar per 1 000 innbyggarar i aldersgruppa 6–19 år.

I 2014 var det totalt 4 429 medlemar i Norges Jeger- og Fiske forbund (NJFF) i fylket, eller 17 medlemar per 1 000 innbyggarar. Det er 22 prosent under landsgjennomsnittet. Talet på aktive, registrerte jegarar i befolkninga er høgare enn medlemstalet i NJFF. I 2014 var det registrert 10 002 jegarar i fylket, eller 38 jegarar per 1 000 innbyggarar. Det er nær landsgjennomsnittet. Blant kommunane er det Rindal som har flest aktive jegarar.