Avtalt månadsløn

Lønsforskjellar mellom kjønna er avhengig av stillingsprosent og yrke    

Samla sett har kvinner ei avtalt månadsløn (median) tilsvarande 90,9 prosent av avtalt månadsløn for menn. Samanliknar vi løn blant heiltidstilsette, finn vi at avtalt månadsløn for kvinner er 94,6 prosent av løna til menn. Blant deltidsstilsette derimot er avtalt månadsløn høgare for kvinner, med 103,9 prosent av avtalt månadsløn for menn.

Forskjellane i avtalt månadsløn mellom kvinner og menn for heiltidstilsette er størst innan såkalla høgskoleyrke, administrerande direktørar og leiarar (for oversikt over kva yrke som inngår i dei ulike definisjonane, sjå STYRK 2008). I desse yrka utgjer avtalt månadsløn for kvinner høvesvis 81,8 prosent, 83,8 prosent og 86,1 prosent av avtalt månadsløn for menn. Den lågaste forskjellen i avtalt månadsløn mellom kvinner og menn for heiltidstilsette finn ein innan kontoryrke, der forskjellen er 0,6 prosent. For heiltidstilsette har menn høgare avtalt månads løn (median) enn kvinner i alle yrkesgruppene.

Lønsforskjellane er noko annleis blant deltidstilsette. Menn  har framleis ei langt høgare avtalt månadsløn enn kvinner i enkelte yrke, som for eksempel blant leiarar. Men avtalt månadsløn (median) blant deltidstilsette er høgare for kvinner enn menn samla sett, og den største forskjellen finn vi blant sal- og sørvisyrke der menn har ei avtalt månads løn som utgjer 83,5 prosent av løna til  kvinner.

Lønsforskjellen i avtalt månadsløn (median) mellom kvinner og menn i Møre og Romsdal er den tredje største i landet. Berre i Rogaland og Vest-Agder er forskjellen større. I Hedmark, Oppland og Nord-Trøndelag er avtalt løn for fulltidsstilling (median) høgare for kvinner enn menn. For heiltidstilsette har fire fylke større forskjellar. For deltids tilsette er lønsforskjellen i Møre og Romsdal lik lands gjennomsnittet.