Fødslar og fruktbarheit

Nedgang i fødselsoverskotet i 2016  

Det vart fødd 2 737 barn i Møre og Romsdal i 2016, ein reduksjon på 52 fødde samanlikna med 2015. Den lange trenden i fylket er at talet på fødde fell. Det var også ein nedgang i Noreg, men den var relativt sett mindre enn i fylket. I Møre og Romsdal var nedgangen -1,9 prosent, mot -0,3 prosent i landet. Fleste fødde var det i Ålesund med 542 fødde, mens Molde hadde 295 og Kristiansund 208.

I halvparten av kommunane i Møre og Romsdal var det ein auke i talet på fødde frå 2015 til 2016. I Volda var det ein auke på 26 barn (110 fødde), og deretter kom Rauma med ein auke på 12 (74 fødde), og Eide med ein auke på 11 (43 fødde). Dei tre kommunane med størst nedgang var Kristiansund med ein nedgang på 38 til 208 fødde, Ulstein med ein nedgang på 29 til 71 fødde og Sunndal med ein nedgang på 18 fødde til 58.

Fødselsoverskotet er differansen mellom talet på fødde og døde. Nedgangen i fødde bidrar til at også fødsels overskotet får ein negativ trend. I 2016 var fødselsover skotet i fylket på 472 personar. Dette er ein nedgang på 87 frå 2015, tilsvarande 16 prosent. I landet var fødselsoverskotet 18 164 personar i 2016, 0,9 prosent lågare enn i 2015.

Gjennomsnittleg fødealder for kvinner i Møre og Romsdal var 30,3 år i 2016, ein auke på 0,3 år frå året før. I landet var auken på 0,1 år frå 2015 til 30,8 år i 2016. Den gjennomsnittlege fødealderen i fylket har auka med 1,1 år sidan 2000. Tilsvarande auke i landet var på 1,2 år. I 2016 var det høgast gjennomsnittleg fødealder for kvinner i Oslo med 32,4 år, mens Nord-Trøndelag hadde lågast gjennomsnittleg fødealder med 29,3 år.

Fruktbarheitstalet for kvinner i fylket fall frå 1,81 i 2015 til 1,77 i 2016. I landet var det ein nedgang på 0,02 til 1,71. Møre og Romsdal hadde det sjuande høgaste fruktbarheitstalet av fylka i 2016.