Eldre

20 prosent fleire eldre dei siste 15 åra   

Talet på personar som var 67 år eller eldre i Møre og Romsdal låg stabilt på omkring 36 000 personar i åra 2000–2011. I 2017 var talet på 43 083 personar. Dette er 6 457 fleire personar enn i 2011, ein auke på 17,6 prosent. I 15-årsperioden frå 2002 til 2017 auka denne aldersgruppa med 19,9 prosent.

16,2 prosent av befolkninga i fylket var 67 år eller eldre ved inngangen til 2017. Dette var 1,6 prosentpoeng høgare enn i landet, der denne gruppa utgjorde 14,6 prosent. Femten år tidlegare utgjorde denne aldersgruppa 14,7 prosent av befolkninga i fylket, mot 13,5 prosent i landet. Altså aukar delen eldre i befolkninga raskare i Møre og Romsdal enn i landet samla.

Lågast del personar i aldersgruppa 67 år og eldre er det i Skodje med 12,4 prosent, følgd av Giske og Ulstein med 13,0 prosent. Størst del er det i Vanylven med 23,6 prosent, følgd av Halsa med 23,4 prosent og Tingvoll med 21,3 prosent.

I Møre og Romsdal var 5,0 prosent av befolkninga 80 år eller eldre i 2017, mot 4,2 prosent i landet. Det er store forskjellar mellom kommunane. Vanylven har størst del i denne aldersgruppa, med 7,8 prosent. Deretter kjem Sandøy med 7,6 prosent og Stranda med 7,3 prosent. Ulstein, Skodje og Giske har lågast del over 80 år, med høvesvis 3,5 prosent, 3,6 prosent og 4,0 prosent.

40 prosent fleire eldre dei neste 15 åra   

Statistisk sentralbyrå (SSB) framskriv folketalet i Noreg kvart andre år, sist i 2016. Hovudalternativet bereknar utviklinga når ein legg til grunn middels utvikling for både fruktbarheit, levealder, innanlandsk flytting og innvandring.

I hovudalternativet blir det 17 347 fleire personar i aldersgruppa 67 år og eldre dei neste 15 åra i Møre og Romsdal, ein auke på 40,3 prosent. I landet er auken berekna til 42,4 prosent. Byane i fylket vil få ein kraftig auke i talet på eldre. I Ålesund viser framskrivinga ein auke på 3 142 personar (47,9 prosent), i Kristiansund 1 900 personar (48,4 prosent) og i Molde 1 893 personar (44,1 prosent). Høgast prosentvis auke viser prognosane i Skodje (64,5 prosent), Giske (53,6 prosent) og Ulstein (49,5 prosent). Lågast vekst vil det vere i Stranda (11,9 prosent), Rindal (13,3 prosent) og Midsund (18,3 prosent). 

I framskrivinga vil Ulstein, Skodje og Giske vere dei tre kommunane med lågast del personar som er 67 år eller eldre i 2032 med høvesvis 15,8 prosent, 15,9 prosent og 16,2 prosent. Høgast del vil det vere i Vanylven med 33,2 prosent. Deretter kjem Halsa med 32,9 prosent og Nordal med 29,9 prosent. I fylket er talet 20,6 prosent og i landet 18,2 prosent. 

I Vanylven viser framskrivinga til 2032 at delen av befolkninga som er 80 år eller eldre, vil auke med 5,5 prosentpoeng til 13,3 prosent i dei 15 åra frå 2017 til 2032. I Halsa blir 12,7 prosent av befolkninga 80 år eller eldre i hovud alternativet og i Norddal 11,5 prosent. Lågast del blir det i Skodje (5,2 prosent), og deretter kjem Giske og Ulstein med 5,4 prosent.

Forsørgarbyrda for eldre aukar  

Eit demografisk mål som ofte blir nytta i offentleg planlegging, er talet på personar i arbeidsfør alder for kvar person i yrkespassiv alder. Yrkesaktiv alder er her definert til å vere aldersgruppa frå 20 år til og med 66 år, og yrkespassiv alder omfattar dei som er 67 år eller eldre. Forholdstalet mellom talet på personar i yrkesaktiv og yrkespassiv alder blir omtalt som forsørgarbyrde for eldre. Høg verdi er bra.

I landet var forsørgarbyrda for eldre 4,2 i 2017. Det er 0,5 høgare enn i Møre og Romsdal. Det er altså gjennomsnittleg færre i yrkesaktiv alder per pensjonist her i fylket enn i landet. I 2032 er forsørgarbyrda for eldre venta å bli 3,3 i landet og 2,8 i fylket, eit kraftig fall. Lågast blir det i Vanylven med 1,4, og høgast blir det i Ulstein med 3,8 i 2032.