Klimagassutslepp

Auke i utslepp av klimagassar    

Berekningar frå SSB viser at dei totale utsleppa av klimagassar i Møre og Romsdal har auka frå 2,018 millionar tonn CO2-ekvivalentar (CO2-e)  i 2009 til 2,073 millionar tonn CO2-e i 2015. Dette svarer til ein auke på 2,7 prosent, mot 2,6 prosent auke i landet sett under eitt. Utsleppa som blir rekna på fylkesnivå, omfattar ikkje alle utsleppskjeldene som er med på nasjonalt nivå.

Dei gjennomsnittlege utsleppa per fylke var i 2015 på  1,845 millionar tonn CO2-e. Tala viser at Møre og Romsdal låg om lag 12,4 prosent over snittet, og fylket hadde med det dei femte største totalutsleppa målt etter fylke.

Samanlikna med andre fylke har Møre og Romsdal relativt høge utslepp frå stasjonær forbrenning og prosessutslepp frå industri. I tillegg er vegtrafikk og jordbruk dei største utsleppskjeldene i fylket.

Den største auken i utslepp i Møre og Romsdal i perioden målt i CO2-e har kome innan prosessutslepp frå industri (23,3 prosent auke) og vegtrafikk (12,6 prosent auke). Utsleppa frå desse kjeldene hadde i Møre og Romsdal prosentvis auka meir enn det dobbelte av landet sett under eitt. For landet er auken i utslepp frå vegtrafikk 4,2 prosent frå 2009 til 2015. Utslepp frå vegtrafikken utgjer ein mindre del av det totale utsleppet i Møre og Romsdal enn i landet, høvesvis 24,1 prosent mot 29,4 prosent. Nasjonalt har den prosentvise auken i utslepp vore størst frå dieseldrivne motorreiskapar.

Størst reduksjon i utslepp i fylket har det vore frå stasjonær forbrenning i industrien. Reduksjonen var  på 59 tusen tonn CO2-e, tilsvarande 13,9 prosent. Utslepp frå oppvarming av næringsbygg og hushaldningar, utslepp frå avfallsdeponi og utslepp frå olje- og gassutvinning – stasjonær forbrenning i prossesanlegg på land har gått ned med over 20 prosent i åra 2009 til 2015. For landet samla er det størst reduksjon i utslepp frå oppvarming av næringsbygg og hushaldningar både i absolute og relative tal.