Hjortevilt

Auka avskyting av hjort i Møre og Romsdal    

I sesongen 2016 til 2017 vart det i alt felt 37 738 hjortar i Noreg. I Møre og Romsdal vart det felt 10 299 hjortar, noko som gjer oss til det nest største hjortefylket. Berre i Sogn og Fjordane vart det felt fleire hjortar med 10 883 dyr. Kvota for Møre og Romsdal var i 2016/2017 på 13 344 dyr. Av figuren ser ein at talet på fellingar gikk kraftig opp fram til 2010, for så å gå litt ned igjen. I 2016/2017 gikk fellingstalet opp igjen, og var det høgaste sidan 2010/2011. Talet på fellingsløyve steig også jamt fram til 2011/2012, før det gikk ned. Fellingsprosenten i 2016/2017 var på 77 prosent. Dette er den høgaste fellingsprosenten sidan 2009/2010. Høg avskyting og høg fellingsprosent kan vere teikn på auke i hjortebestanden i regionen.

Totalt er den berekna slaktevekta av hjortekjøtt i fylket 447 tonn. Av denne slaktevekta kjem 72 tonn frå kalv, 172 tonn frå hjort inntil 1½ år, mens 203 tonn er frå hjort som er eldre enn 1½ år. Slaktevekta er berekna på grunnlag av gjennomsnittsvekt og talet på felte hjortar. Møre og Romsdal har 27,1 prosent av den samla slaktevekta på landsbasis. Av dei slakta dyra var 52,3 prosent hanndyr og 47,7 prosent hodyr.

Fleire trafikkdrepne dyr   

Av hjorteviltet er rådyret klart mest utsett for å bli påkøyrt. I enkelte år er det nesten dobbelt så mange påkøyrte rådyr som hjortar. For intervallåret 2016/2017 vart 428 rådyr og 271 hjortar påkøyrt. Dette er det nest høgaste talet på trafikk drepne hjortevilt som er registeret. Berre i 2007/2008 vart fleire hjortevilt drepe i trafikken. Dette kan skuldast større tettleik av hjortevilt. Eit mindre tal hjortevilt blir gjennom året påkøyrt av tog. Det er ikkje registert trafikkdrepne villrein.