Nyetableringar

Vekst i nyetableringar

I 2016 vart det registert 2 238 nyetableringar i Møre og Romsdal, ein vekst på 96 frå året før. For perioden 2001 til 2016 var det ein auke på 65 prosent, eller om lag 900 registrerte nyetableringar.

Heile 973 eller 43,5 prosent av dei nyetablerte føretaka i fylket vart etablert enten i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Etter dei store byane var det flest etableringar i Ulstein (85), Ørsta (84) og Herøy og Fræna (77) og færrast i Rindal, Sandøy og Midsund.

Etableringsgrad er eit mål som blir nytta for å samanlikne etableringsaktiviteten på ulike område. Etableringsgraden er talet på nyregistrerte føretak i forhold til eksisterande føretak. I 2016 var etableringsgraden i Møre og Romsdal på 12 prosent, for landet 15 prosent. 10 kommunar i fylket hadde høgare eller lik etableringsgrad som landssnittet, og høgast var han i kommunane Giske og Skodje. Fire av kommunane var lik fylkessnittet. Lågast etableringsgrad var det i kommunane Midsund, Rindal og Sande.

Målt i nyetablerte føretak per 1 000 innbyggarar var talet på føretak i Møre og Romsdal mindre enn for landet sett under eitt. Flest føretak per innbyggar var det i Norddal kommune, mens Rindal hadde færraste føretak målt i forhold til folketalet.

I gjennomsnitt for 2013 til 2016 vart det i Møre og Romsdal etablert 2 564 nye arbeidsplassar i dei nye føretaka. I tillegg til sin eigen arbeidsplass har nyetablerarane skapt arbeidsplassar for 690 tilsette.

Flest føretak vart etablert i 2016 innan teknisk tenesteyting, bygg og anlegg, varehandel og privat tenesteyting. 44 prosent av dei nye etableringane er registert som AS.

Bedriftene i Møre og Romsdal greier seg betre enn gjennomsnittet for landet (27,4 prosent), målt fem år etter oppstart. Totalt vart det etablert 1 611 nye føretak i 2009. Fem år seinare var 513, eller 31,8 prosent av føretaka, framleis i drift.