Søkarar til universitet og høgskolar i fylket

Fleire søkarar til høgskolane i fylket   

Totalt hadde 3 659 søkarar ein av utdannings institusjonane våre som førsteval, ein auke på 1,9 prosent frå i fjor. Høgskolen i Molde hadde ein auke på 110 studentar, eller 12,6 prosent, mens Høgskolen i Volda hadde ein auke på 8,4 prosent.

Tala viser ein liten nedgang i søkartala for NTNU Ålesund sidan i fjor, med 139 færre søkarar. Dette utgjer 8,9 prosent nedgang i talet på søkarar som har skolen som førsteval. NTNU Ålesund er likevel størst i fylket etter søkartal, med 38,7 prosent av søkarane. Nedgangen siste året er ikkje i tråd med utviklinga i søkartal sidan 2011, for det har vore ein auke på om lag 50 prosent i talet på søkarar med NTNU Ålesund som førsteval sia 2011. Totalt for utdanningsinstitusjonane i Møre og Romsdal har søkartalet auka med 559, eller 18,0 prosent, sidan 2011.

Søkarar frå Møre og Romsdal i fleirtal   

Utdanningsinstitusjonane i fylket har flest søkarar frå eige fylke. Samla var 58,0 prosent av søkarane som hadde ein av høgskolane eller universitetet i fylket som førsteval i 2017, frå Møre og Romsdal. 

Etter søkarar frå eige fylke, hadde våre høgare utdanningsinstitusjonar flest søkarar frå Sogn og Fjordane og Hordaland, etterfølgt av Oslo og Sør-Trøndelag.  

Høgskolen i Molde og NTNU Ålesund hadde størst del søkarar som høyrer heime i Møre og Romsdal,  høvesvis 62,8 og 60,2 prosent av søkarane. For Høgskolen i Volda var delen 51,8 prosent. Samanlikna med i fjor hadde delen søkarar frå eige fylke til institusjonane våre auka marginalt for Høgskolen i Volda, mens delen hadde vorte mindre for dei to andre.

Høgare utdanning meir populært    

I åra 2012 - 2014 låg talet på søkarar til høgare utdanning frå Møre og Romsdal stabilt på om lag 5 000 og i 2015 auka talet til 5 340 søkarar. I 2016 auka dette  ytterlegare. 561 fleire enn året før søkte høgare utdanning, totalt 5 901 søkarar. Denne auken er ikkje uventa i ei tid da arbeidsmarknaden har vorte strammare. 

Flest søkarar til økonomi og administrasjon       

Ei oversikt over kva studieretning søkarar til høgare utdanning frå Møre og Romsdal har valt som førsteprioritet dei siste fem åra, viser at økonomisk– og administrativ utdanning har flest søkarar. 4 241, eller 16,6 prosent av søkarane til høgare utdanning frå Møre og Romsdal vel denne retninga.

Sjukepleieutdanning er òg populær. 2 525 søkarar har dette som førsteprioritet, noko som utgjer 9,9 prosent av søkarane frå fylket. Den tredje mest søkte studieretninga er historiske og filosofiske fag, med 2 340 eller 9,2 prosent av søkarane. Kategorien omfattar fag som historie, filosofi, religion og litteratur. Heile 21 prosent av søkarane frå Volda søker seg til desse faga, ein betydeleg større del enn i dei andre kommunane.

Kva studieretning som er mest populær, varierer mellom kommunane. For eksempel har 2,9 prosent av søkarane til høgare utdanning frå fylket maritim utdanning som førsteval, men delen er langt høgare enn dette i kommunar på Søre Sunnmøre som tradisjonelt har hatt stor maritim næringsaktivitet. Desse kommunane har òg relativt mange søkarar til ingeniørutdanning. Det varierer òg ein del mellom dei tre store byane kva studieretningar flest søker seg til. Mellom anna ser vi at Ålesund har ein større del søkarar til ingeniørutdanning enn dei andre byane. Juridiske fag er meir populært blant studentane i Molde, mens Kristiansund har ein større del som søker sjukepleie.