Hushald

Færre personar i kvart privathushald   

Levesettet til befolkninga endrar seg over tid. Det viser seg også i korleis vi vel å bu. Vi ser ei langsiktig endring i retning av stadig færre personar per hushald. I 2016 var det 2,25 personar per privathushald i Møre og Romsdal. Det er 0,06 personar høgare enn i landet, altså ein liten forskjell. I Oslo er det færrast personar per privathushald (1,98). Deretter kjem Hedmark (2,12) og Oppland (2,14). I Akershus er det flest med 2,35, følgd av Rogaland (2,34) og Sogn og Fjordane (2,31).

Ser vi tilbake til 1980, finn vi at det var 0,47 fleire personar per privathushald i landet (2,66). I Møre og Romsdal var det 2,92. Det var 0,26 fleire personar enn i landet i 1980 og det er 0,67 fleire personar enn det var i 2016. I Møre og Romsdal har endringa i retning færre personar per hushald gått raskare enn i landet elles. I 1980 toppa Sogn og Fjordane lista med 3,0, og deretter kom Møre og Romsdal. Da budde det færrast personar per privathushald i Oslo med 2,01.

Ei forklaring er at det blir fleire personar som bur aleine. I 2016 var 15,6 prosent av befolkninga i fylket aleinebuande i privathushald. Det er ein auke frå 2005 på 1,5 prosentpoeng. I landet var 16,6 prosent i 2005 og 17,1 prosent i 2016 aleinebuande, ein auke på 0,5 prosentpoeng. Nedgangen i fruktbarheitstala påverkar også storleiken på hushalda.

Det var stor skilnad mellom kommunane i Møre og Romsdal i kor stor del som bur aleine i privathushald i 2016. Lågast del var det i Giske med 11,3 prosent, deretter kom Sula (11,7 prosent) og Skodje (11,8 prosent). Volda hadde størst del med 20,5 prosent, følgd av Kristiansund (18,4 prosent) og Sunndal (18,0). I Ålesund og Molde bur også ein relativt stor del aleine. Begge hadde 17,5 prosent i 2016. Endringa i storleiken på hushaldet endrar også bustadbehovet, noko som må takast omsyn til i kommunanes areal- og samfunnsplanlegging.