Fagskole

Nedgang i talet på fagskolestudentar  

Fagskole er ei toårig utdanning. Utdanninga bygger på fagbrev frå vidaregåande skole eller realkompetanse. Siste studieår vart det tilbode fagskoleutdanning ved tre institusjonar i Møre og Romsdal. Fagskolen i Ålesund og fagskolen i Kristiansund er offentleg eigde, mens Ålesund kunstfagskole er privat.

Fagskolen i Ålesund hadde 284 studentar i vårsemesteret, 29 fleire enn i 2016, og 15 fleire enn i 2012. Den motsette tendensen ser vi i Kristiansund der det våren 2017 var nede i 118 studentar, og det er 30 færre enn våren 2016 og 50 færre enn i 2012. Kunstfagskolen i Ålesund hadde også færre studentar våren 2017 enn i 2012, men der har tala vore relativt stabile dei siste tre åra.

Til saman var det 514 fagskolestudentar i fylket i 2012, mens det våren 2017 var 428. Dette er ein nedgang på  16,7 prosent. Talet på studentar har i heile perioden vore høgare i haustsemesteret enn på våren.

Våren 2017 var det i alt 55 kvinnelege og 373 mannlege studentar ved fagskolane i fylket. Fagskolen i Kristiansund hadde flest kvinnelege studentar med 30. Fagskolen i Ålesund hadde berre seks kvinnelege studentar, mens kunstfagskolen i Ålesund hadde ei overvekt av kvinnelege studentar. Skolane har ulike fagtilbod, og kjønnsfordelinga innanfor dei ulike fagområda følger tradisjonelle mønster.

Nasjonalt var det 14 120 studentar ved fagskolane våren 2017, og 42,3 prosent av dei var kvinner. Delen kvinner ved fagskolane i Møre og Romsdal var 12,9 prosent, betydeleg lågare enn i landet totalt.