Flytting

Innanlandsk flytteunderskot auka med 17,2 prosent i 2016

Når vi bruker begrepet flytting skil vi mellom utflytting, innflytting og nettoflytting. Nettoflytting er summen av all flytting, dvs. innflytting minus utflytting. Flytte overskot har vi når nettoflyttinga er større enn 0 personar, mens vi har flytte underskot når nettoflyttinga er lågare. Vi skil også mellom innanlandsk flytting og flytting til og frå utlandet (utvandring/innvandring).

Møre og Romsdal hadde i 2016 eit flytteoverskot på 513 personar.  Det er 484 personar lågare enn i 2015. Innflyttinga var 7 660 personar og utflyttinga var 7 147 personar.

Den innanlandske nettoflyttinga var -1 157 personar i 2016, altså eit innanlandsk flytteunderskot. Dette er ein auke på 17,2 prosent frå 2015. Fylket har hatt eit innanlandsk flytteunderskot på heile 2000-talet, og det var berre i 2004 og 2006 at under skotet var større enn i 2016. Det er innvandringa som gjer at Møre og Romsdal har eit flytte overskot samla sett. I 2016 var flytteoverskotet frå utlandet 1 670 personar, 314 personar lågare enn i 2015.  

Høgast nettoinnflytting til Ålesund 

I 2016 hadde 20 av dei 36 kommunane i Møre og Romsdal flytteoverskot. Størst overskot hadde Ålesund kommune med 275 personar. Haram og Ørsta følgde deretter med høvesvis 91 og 75 personar. Nettoflyttinga til Ålesund var 75 personar høgare enn i 2015, i Haram 36 personar og i Ørsta 10 personar.


Av dei 16 kommunane i fylket med flytteunderskot hadde Kristiansund størst nettoutflytting med 88 personar, følgd av Vestnes med 37 personar og Herøy med 36 personar. Av desse tre kommunane hadde Herøy eit flytteoverskot i 2015 på 24 personar. Både Vestnes og Kristiansund hadde eit flytte- underskot også i 2015, høvesvis på 95 og 13 personar.

Høgast flytteoverskot frå Sogn og Fjordane

Seks av fylka hadde eit innanlandsk flytteoverskot i 2016. Størst var det i Akershus (5 657 personar), følgd av Østfold (1 548) og Sør-Trøndelag (1 026). Størst innanlandsk flytteunderskot var det i Rogaland (-1 782), Nordland (-1 379) og Møre og Romsdal (-1 157).

Møre og Romsdal hadde eit flytteoverskot frå Sogn og Fjordane på 50 personar og frå Rogaland på 11 personar. Til dei andre fylka er det eit flytteunderskot frå Møre og Romsdal. Størst nettoflytting er det til Sør-Trøndelag (-339), Oslo (-333) og Akershus (-150).

Fleire menn enn kvinner flytta til Møre og Romsdal  

Det innanlandske flytteunderskotet i aldersgruppa 20 til 29 år auka frå -772 personar i 2015 til -912 personar i 2016. Nedgangen i aldersgruppa 0 til 5 år frå 2012 til 2015 heldt ikkje fram i 2016. Det året var det eit innanlandsk flytteoverskot på 69 barn i denne aldersgruppa.

Frå 2011 til 2016 var det samla innanlandske flyttetapet på -5 380 personar. Av desse var nettoflyttinga i aldersgruppa 20 til 39 år på -5 035, mens det var eit flytteoverskot på 531 personar i aldersgruppa 0 til 15 år.
I femårsperioden frå 2011 til 2016 var samla nettoflytting høgast i aldersgruppa 30 til 39 år for både menn og kvinner, med høvesvis 1 929 og 1 650 personar. Samla flytteoverskot i perioden var 5 313 menn og 3 787 kvinner.

Innvandrarane overrepresentert i innanlandsk flytting 

I 2016 stod dei med innvandrarbakgrunn for 60,3 prosent av det innanlandske flyttetapet. Til samanlikning utgjer innvandrarane 12,3 prosent av innbyggarane i Møre og Romsdal. Innvandrarbefolkninga er definert som innvandrarar og norskfødde barn av innvandrarar.