Landbruk

Granplanting på 50-talet gir potensial for hogst i dag

Perioden 1951 til 1960 var eit tiår med stor skogplanting i Møre og Romsdal. Surnadal og Ørsta kommunar hadde klart høgast tilplanta areal i dette tiåret, rundt 15 000 dekar kvar. Vanylven kommune ligg overraskande på ein sjetteplass når det gjeld granplanting på 50-talet. 

Skogen planta på 50-talet, som no begynner å bli hogstmoden, gir oss ein peikepinn på kva kommunar som har størst hogstpotensial i åra framover. Historisk har det vore mest hogst på indre Nordmøre, men dei siste fem åra har det vorte meir hogst sør i fylket. Det kjem naturleg av at kulturskogen av gran begynner å bli hogstmoden. Når vi summerer hogstvolumet for kommunane dei siste fem åra, finn vi at Surnadal og Ørsta ligg på topp. Dette samsvarer godt med plantedata frå 50-talet. Vanylven kommune ligg langt nede på lista, noko som tyder på stort hogstpotensial i åra framover.

Fleire eldre bønder    

Tal frå søknadene om tilskot til produksjon i jordbruket dei siste ti åra viser at gjennomsnittsalderen til bøndene aukar. Snittalderen på søkarane auka frå 48 til 52 år i perioden. Aldersgruppa 50 til 59 år er no den største. For ti år sidan var gruppa 40 til 49 år den største. Det er nedgang i alle aldersgrupper under 60 år, men auke både i gruppa 60 til 69 år og i gruppa 70 til 79 år. I aldersgruppa 30 til 39 år er det stabile tal frå 2011 til 2016, noko som er eit positivt teikn, men gruppa av bønder over 67 år er om lag like stor. 13 prosent av bøndene var over 67 år i 2016, mot fire prosent i 2006.

Om ein ikkje lykkast i rekruttering av fleire yngre vil alderssamansetninga i næringa by på store utfordringar i tida som kjem. Delen i aldersgruppa 20-29 år og 30-39 år har gått ned med høvesvis 37,6 og 28,6 prosent samanlikna med 2006. Samstundes har delen i aldersgruppa 60-69 år og 70-79 år auka med høvesvis 29,8 og 451,6 prosent, meir enn ei firedobling.

Gardsbruka blir større og større

Strukturutvikling er eit viktig tema for landbruket. Fleire faktorar spelar inn: teknologi, økonomi, plante- og dyreavl og rekruttering. I lang tid har talet på bruk i drift gått jamt nedover. Jordbruksarealet i drift heldt seg relativt stabilt lenge, men i løpet av den siste tiårsperioden ser vi at også jordbruksareal i drift har gått nedover. Dei driftseiningane som investerer i nybygg i dag, er store samanlikna med det som var vanleg driftsomfang i Møre og Romsdal tidlegare. Desse driv store areal og må drive rasjonelt. Teigar som er små, bratte eller blaute, går ut av drift. Slikt areal er det mykje av på Vestlandet. I løpet av dei siste ti åra har åtte prosent av jordbruksarealet i fylket gått ut av drift.

Det er kommunevise variasjonar. Mest areal har gått ut av drift i dei kommunane som har mest jordbruksareal, men prosentvis ligg desse nær gjennomsnittet for fylket. Elles heng utviklinga nært saman med utviklinga i talet på føretak i drift i den enkelte kommune.

Mest omdisponering av dyrkajord i folketette område   

Kommunane i Møre og Romsdal har omdisponert vel 9 000 dekar dei siste åra. Tala viser at det er mest omdisponering i kommunane med flest innbyggarar og med eit tydeleg bygdesentrum. Mykje av det beste landbruksarealet ligg i dei folketette områda. 

Tal frå NIBIO viser at om lag ein firedel av nedbygd jordbruksareal blir brukt til samferdsel, mens halvparten blir brukt til bustadbygging og næringsareal.

På landsbasis vart det omdisponert omlag 127 000 dekar jord i same periode. Omdisponeringa av dyrka jord i Møre og Romsdal utgjorde 7,2 prosent av den samla omdisponeringa i landet.