Målform
Framleis eit knapt fleirtal med nynorsk som målform
I 2016 var det 32 778 elevar i grunnskolen i Møre og Romsdal, same elevtal som i 2015. Av desse hadde 49,5 prosent bokmål som målform, og 50,2 prosent hadde nynorsk som målform. Nasjonalt har heile 87,0 prosent av elevane i grunnskolen bokmål som målform, 12,2 prosent har nynorsk og 0,1 prosent har samisk. Av elevane i grunnskolen med nynorsk som målform høyrer 89,9 prosent heime i eit av dei fire fylka på Vestlandet.
I 2006 hadde 54,2 prosent av grunnskoleelevane i Møre og Romsdal nynorsk som målform. Delen som har nynorsk har dermed gått ned på 4 prosentpoeng dei siste ti åra.