Tildelingar frå Forskningsrådet

God vekst i tildeling frå Forskingsrådet   

Løyvingane frå Forskingsrådet auka med 1 055 millionar kroner frå 2015 til 2016. Det er ein auke på 13,5 prosent. Tildelingane til Møre og Romsdal auka samtidig frå 108,3 mil lionar kroner til 120,6 millionar kroner. Det utgjer ein auke på 11,4 prosent. 

Fylka med dei store breiddeuniversiteta, inkludert Akershus, fekk om lag 86 prosent av dei samla løyvingane frå Forskingsrådet. Forskingsmidlane som gjekk til Møre og Romsdal, utgjorde 1,4 prosent av den samla løyvinga frå Forskingsrådet i 2016. 

Løyvingane frå Forskingsrådet til næringslivet auka med 219 millionar kroner frå 2015 til 2016. I Møre og Romsdal auka løyvingane med om lag 4,5 millionar kroner til 72,2 millionar kroner. Oslo, Akershus og Sør-Trøndelag fekk til saman vel 54 prosent av dei næringsretta løyvingane frå Forskingsrådet.