Eigenvurdert helse hos ungdom

Sju av ti ungdomar nøgde med helsa     

Ein viktig indikator på grad av sjukdom er eigenvurdert helse. Dei fleste har ei positiv innstilling til eiga helse ifølge levekårsundersøkingane til SSB. 70,0 prosent av ungdomsskoleelevane svarte at dei var «svært fornøgd» eller «litt fornøgd» med helsa si  i 2016, mens talet for landet var 71,3 prosent. Både for landet og Møre og Romsdal har det vore ein liten nedgang på høvesvis 0,4 og 1,4 prosentpoeng frå 2012. 

Livsstilsvanar blir ofte etablert i ungdomsåra og kan ha noko å seie for helsa både i ungdomstida og seinare. Det har vore ein nedgang i talet på røykarar blant ungdom, og i tillegg går alkoholforbruket og bruken av andre rusmiddel ned. Skjermbruken aukar og står fram som eit alternativ til fysisk aktivitet, noko som gir grunn til uro. Samtidig har det vorte større fokus på helse, og i ein del ungdomsmiljø har det å vere sunn vorte «in».