Innvandring

Innvandringa går ned 

Innvandringa til Møre og Romsdal har vore ein viktig drivar for den positive utviklinga i folketalet i fylket dei siste 10 åra. 1. januar 2017 var det 29 271 innvandrarar og 3 553 norskfødde barn av innvandrarforeldre i innvandrarbefolkninga i fylket, til saman 32 824 personar. Innvandrar befolkninga auka med 1 334 personar i 2016, mot 1 911 personar året før. Dette gir ein årleg vekst på 4,2 prosent i 2016 og 6,5 prosent i 2015. I Noreg var veksten 4,2 prosent i 2016 og 5,3 prosent i 2015. Vekstraten i Møre og Romsdal var dermed lik landet i 2016, medan den i 2015 var 1,2 prosentpoeng høgare.

I gjennomsnitt har innvandrarbefolkninga auka med 2 227 personar årleg det siste tiåret. 2012 var toppåret med ein auke på 2 904 personar, 1 570 fleire personar enn i 2016. Etter 2012 har veksten vore lågare. I femårsperioden frå 2012 til 2017 auka innvandrarbefolkninga med 10 682 personar i Møre og Romsdal.

Innvandrarbefolkninga i fylket utgjorde 8,6 prosent av befolkninga i 2012 og 12,3 prosent i 2017. Dette er lågare enn i landet samla sett. I Noreg utgjorde innvandrarbefolkninga 13,1 prosent i 2012 og 16,8 prosent i 2017. Norskfødde barn med innvandrarforeldre utgjorde 8,6 prosent av innvandrarbefolkninga i fylket i 2012. Denne delen har auka til 10,8 prosent i 2017.

Av fylka er det i Oslo vi finn høgast del innvandrarar. Ved inngangen til 2017 utgjorde innvandrarbefolkninga 32,8 prosent der. Deretter kom Akershus med 19,7 prosent og Buskerud med 18,9 prosent. Det var færrast innvandrarar i Nord-Trøndelag, både i faktiske tal og som del av befolkninga. Der utgjorde innvandrarbefolkninga 8,5 prosent av befolkninga ved inngangen til 2017.

Flukt vanlegast innvandringsgrunn 

Kombinasjonen av krisa i oljerelaterte næringar og migrasjon frå krigar i Midtausten har endra innvandringsmønsteret til Møre og Romsdal dei siste to åra. I 2016 var det flest som innvandra til fylket som følge av flukt. Dette gjaldt 975 innvandrarar. Også familiegjenforeining var vanlegare enn arbeidsinnvandring i 2016, med høvesvis 801 og 644 personar. Samla var det 2 575 personar som innvandra til fylket i 2016.

54,8 prosent av innvandringa til Møre og Romsdal i 2010 var arbeidsinnvandrarar, og 11,5 prosent innvandra som følge av flukt. Fylket hadde ein større del arbeidsinnvandrarar enn landet og ein lågare del flyktningar. I 2016 er bildet annleis. Berre 25,0 prosent av dei som innvandra i 2016, var arbeidsinnvandrarar, 3,5 prosentpoeng 
 lågare enn landet. Flukt var innvandringsgrunnen til  37,9 prosent av innvandrarane, 7,8 prosentpoeng høgare enn landet. For familie gjenforeining var det små endringar, mens utdannings innvandring framleis var ein liten del av den samla innvandringa.

Størst auke frå Syria   

Landbakgrunnen til innvandrarane, ikkje medrekna norskfødde med innvandrarforeldre, speglar i stor grad innvandringsgrunnen deira. Per 1. januar 2017 var dei ti landa Møre og Romsdal har flest innvandrarar frå: Polen (5 476 personar), Litauen (3 074), Tyskland (1 637), Eritrea (1 235), Filippinane (1 157), Thailand (1 117), Romania (1 036), Syria (1 025), Latvia (954) og Somalia (815). Uroa i Midtausten og migrasjonen frå Syria gjer at Syria no er blant dei ti landa, mens Sverige ikkje lenger er det. Talet på innvandrarar frå Syria auka frå 445 personar 1. januar 2016 til 1 025 eitt år etter.

Den klart største gruppa av busette innvandrarar i fylket har bakgrunn frå Europa utanom Tyrkia (63,6 prosent). Deretter følger Asia med Tyrkia (21,7 prosent), Afrika (11,1 prosent), Sør- og Mellom-Amerika (2,3 prosent), Nord-Amerika (1,1 prosent) og Oseania (0,3 prosent). Ingen andre fylke har større del av innvandrarar frå Europa utanom Tyrkia.

Delen kvinner i innvandrarbefolkninga har auka  

Ser vi på innvandrarbefolkninga samla, medrekna både innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, finn vi at det ved inngangen til 2017 var 17 384 menn og 15 440 kvinner i Møre og Romsdal. Samanlikna med året før, er dette ein auke på 560 menn og 774 kvinner i løpet av 2016. Dei siste ti åra var det berre i 2013, 2015 og 2016 at innvandrarbefolkninga har auka meir med kvinner enn med menn. 

I fylket utgjorde kvinnene 47,0 prosent av innvandrarbefolkninga i 2017, 0,5 prosentpoeng høgare enn i 2016. I landet var det 47,7 prosent kvinner i 2016 og 47,8 prosent i 2017.

Samanliknar vi med tal frå 2012, ser vi at kvinnedelen i innvandrarbefolkninga både i Møre og Romsdal og i Noreg har halde seg nokså stabil. I 2012 var det 46,4 prosent kvinner i fylket og 48,1 prosent i landet. Altså var del kvinner marginalt lågare i fylket og marginalt høgare i landet.

Det er kjønnsforskjellar avhengig av geografisk landbakgrunn. Blant innvandrarane i fylket frå Sør- og Mellom-Amerika er 72,5 prosent kvinner, mens 41,8 av innvandrarane med bakgrunn frå Europa utanom Tyrkia er kvinner.

Det er store forskjellar mellom kommunane i fylket i kor stor del kvinner utgjer av innvandrarbefolkninga. I 2017 var Vanylven på topp med 55,6 prosent kvinner, der etter kom Norddal med 52,7 prosent og Aure med 52,5 prosent. Lågast del kvinner var det i Rindal med 35,6 prosent, Ulstein med 38,7 prosent og Sande med 40,1 prosent.

I 17 av dei 36 kommunane i Møre og Romsdal har kvinne delen av innvandrarbefolkninga auka i perioden 2012 til 2017. Størst auke har det vore i Vanylven med 7,7 prosentpoeng, og størst nedgang har det vore i Rindal med -18,6 prosentpoeng.

Større del unge blant innvandrarane   

I løpet av 2016 auka talet på innvandrarar i alle aldersgrupper, unntatt nyfødde (0 år). I denne gruppa var det ein reduksjon på 30 personar. Aldersgruppa 20 til 44 år hadde størst auke med 389 personar, ein auke på 2,3 prosent. Det er også i denne aldersgruppa det er flest innvandrarar, 17 302 personar i 2017. Tre av fire innvandrarar er i alderen 20 til 66 år, ofte omtala som yrkesaktiv alder. 23,9 prosent av innvandrarbefolkninga er 19 år eller yngre, 2,7 prosent er 67 år eller eldre.

At det er flest personar i aldersgruppa 20 til 44 år i innvandrarbefolkninga, speglar den store arbeidsinnvandringa til fylket det siste tiåret. Denne gruppa blir omtala som unge yrkesaktive, og mobiliteten deira er større enn i mange av dei andre aldersgruppene.

Aldersgruppa 6 til 12 år hadde størst relativ auke i femårsperioden frå 2012 til 2017. Denne gruppa auka med 
74,9 prosent. Deretter kom barn i alderen 1 til 5 år med 64,3 prosent. Lågast auke var det i gruppa med nyfødde barn med ein auke på 28,6 prosent. Aldersgruppa 20 til 44 år auka med 41,0 prosent.

Halvparten har budd under seks år i Noreg   

Dei fleste innvandrarane i Møre og Romsdal har relativ kort butid i Noreg. 9,1 prosent har budd i landet under eitt år. 49,9 prosent har budd her i fem år eller kortare, og 9,6 prosent har budd her 20 år eller meir.

Innvandrarar frå Afrika har kortast butid, medan innvandrar frå Amerika utanom USA og Canada har lengst butid. 18,0 prosent av innvandrarane i fylket med bakgrunn frå Asia har budd under eitt år i Noreg. Tilsvarande tal for USA og Canada er 14,1 prosent, for Afrika 12,4 prosent, Oseania 10,3 prosent, Amerika utanom USA og Canada 6,8 prosent og Europa 5,5 prosent.