Likestillingsindeksen

Skeiv kjønnsfordeling i privat og offentleg sektor    

Likestillingsindeksen til Statistisk sentralbyrå (SSB) inneheld 12 indikatorar som gir kommunar og fylke ein samanliknbar skår på likestilling mellom kjønna. Siste tilgjengelege tal er frå 2015, og den indeksen viser at Møre og Romsdal har lågare skår enn landsgjennomsnittet på ni av indikatorane.

Kjønnsbalansen i offentleg sektor er det området der Møre og Romsdal skårar dårlegast samanlikna med landet elles. I Møre og Romsdal er kvinnedelen i offentleg sektor 75,0 prosent mot 70,2 prosent for landet. Også for kjønnsbalanse i privat sektor og kjønnsbalanse i næringsstruktur skil Møre og Romsdal seg ut med klart lågare skår enn landssnittet.

Eit anna område der Møre og Romsdal får relativt dårleg skår, er forholdet mellom utdanningsnivået til menn og kvinner. Både nasjonalt og i fylket er det slik at fleire kvinner enn menn har høgskole- eller universitetsutdanning, men forskjellen i utdanningsnivå er større i Møre og Romsdal. Her har 30,9 prosent av kvinnene og 22,3 prosent av mennene høgare utdanning. Tilsvarande tal for landet er 35,4 og 28,6 prosent. For dei andre indikatorane som fylket skårar dårleg på, er avviket til landssnittet nokså lite.    

Både nasjonalt og i Møre og Romsdal finn vi lite utvikling på dei fleste indikatorane i likestillingsindeksen frå 2010 til 2015. Sjølv om endringane er nokså små, ser vi likevel at Møre og Romsdal skårar betre på åtte av tolv indikatorar i 2015 enn i 2010. Særleg gledeleg er auken i delen kvinnelege kommunestyrerepresentantar, som har gått frå 
 34,7 prosent i 2010 til 38,5 prosent i 2015. Eit anna område der vi ser positiv endring, er i kjønns fordelinga mellom leiarar. 32,8 prosent av leiarane i Møre og Romsdal i 2015 var kvinner,  og det er 1,8 prosentpoeng fleire enn i 2010.  

Den skeive kjønnsfordelinga i privat og offentleg sektor har ikkje betra seg frå 2010 til 2015. For privat sektor går delen kvinneleg sysselsette ned frå 33,9 til 33,0 prosent i perioden.