Pendling

Svak auke i pendlinga   

Etter at vi i fjor såg ein markant nedgang i pendlinga frå 2014 til 2015, har pendlinga langt på veg stabilisert seg frå 2015 til 2016. Det er framleis ein liten nedgang i talet på pendlarar ut frå fylket, men fleire kommunar har hatt ein markert auke i innpendlinga det siste året.

Auka sysselsetting på deler av Nordmøre har gjort at innpendlinga til Smøla auka med nesten 31 prosent (33 personar) og til Halsa med 28 prosent (46 personar) frå 2015 til 2016. Alle kommunane nord i fylket, med unntak av Kristiansund, hadde auka innpendling frå 2015 til 2016. I tal på pendlarar hadde Ålesund den største auken med 403 fleire innpendlarar i 2016 enn året før. Sunndal på andre plass mangla berre éin på å auke med 100 pendlarar i same tidsrom. I den andre enden av skalaen finn vi Ulstein med heile 25 prosent nedgang i innpendlinga (468 personar). For Molde og Kristiansund har nedgangen halde fram, og til Molde var det registrert 288 færre innpendlarar (5,4 prosent) og til Kristiansund 122 færre (6,9 prosent).

Sjølv om innpendlinga har gått kraftig ned i Ulstein dei siste åra, er framleis nesten 40 prosent av arbeidsstyrken i kommunen innpendlarar. Skodje (47 prosent) og Ørskog (42 prosent) har begge gått forbi Ulstein på denne rangeringa. Med nesten 65 prosent av arbeidsstyrken som pendlar ut av kommunen, ligg Skodje også på topp her. Dette gjer Skodje til den kommunen i fylket som er tettast integrert i den regionale arbeidsmarknaden kring seg. Bruker ein prosentvis samla inn- og utpendling som ein målestokk for arbeidsmarknadsintegrering, er, i tillegg til Skodje, kommunane Ørskog, Sula, Hareid, Stordal og Eide mest integrert. Kommunane Smøla, Sandøy, Sunndal, Rauma, Kristiansund og Sykkylven er etter denne målestokken dei minst integrerte.