Møbelindustri

Høgare eksport, men lågare sysselsetting i møbelnæringa   

Møre og Romsdal har fleire av dei store lokomotiva i møbelnæringa, inkludert Ekornes som den største, men også store aktørar som Brunstad og Wonderland i tillegg til omfattande leverandørindustri. Dette gjer at næringa er viktig for Møre og Romsdal.

For mange bedrifter er det avgjerande å lukkast med eksport, med tanke på at heimemarknaden er liten. Eksporten har i perioden 2013 til 2016 hatt ein auke på 10 prosent. Denne veksten gjeld for Noreg samla, ikkje for Møre og Romsdal.

Ein svært gunstig kronekurs i denne perioden har vore viktig for eksportbedriftene.

Sysselsettinga i møbelindustrien har gått ned over tid. Om lag 1 870 arbeider i møbelindustrien i Møre og Romsdal i 2016, noko som i dag utgjer i underkant av 37 prosent av tilsette i møbelindustrien i Noreg. Det var 451 færre sysselsette i 2016 enn i 2012.