Spelemidlar

Flest spelemiddelsøknader frå Fræna   

Speleoverskotet frå Norsk Tipping blir fordelt til idretts-, kultur-, helse- og rehabiliteringsformål, men også til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar som ikkje er knytt til den organiserte idretten i NIF. 

I perioden 2007 til 2017 var det 2 838 spelemiddelsøknader til ordinære anlegg og nærmiljøanlegg i Møre og Romsdal. Det var flest søknader frå Fræna (256), Molde (239), Ålesund (218), Kristiansund (172) og Rauma (150). Færrast søknader kom frå Sandøy (24), Sande (26), Midsund (28), Ørskog (31) og Smøla (35). Forskjellane i folketal aleine forklarer ikkje heile forskjellen i talet på søknader. 

Søknader som ikkje får tildeling, kan fremmast på nytt. Ser vi berre på dei nye søknadene, er fordelinga mellom kommunane om lag den same som for det samla talet søknader, sjølv om dei absolutte tala er lågare. Samla var det 1 437 nye spelemiddelsøknader til ordinære anlegg og nærmiljøanlegg i perioden 2007 til 2017. 

Samla søknadssum for nye søknader i Møre og Romsdal var 1,1 milliardar kroner i perioden frå 2007 til 2017. Kommunane Molde (110 millionar), Kristiansund (96 millionar) og Ålesund (92 millionar) søkte om mest spele- midlar. Minst spelemidlar vart søkt om frå Midsund (seks millionar), Aukra (sju millionar) og Vanylven (sju millionar).

Stor del ikkje-kommunale søkarar i Haram    

Det er stor forskjell i kor stor grad kommunane sjølve er aktive søkarar. Det kan og komme spelemiddelsøknader frå andre, til dømes idrettslag. Kommunal søkar er definert som ein søkar der kommunen sjølv, eller ein kommunal skole, står som søkar. I Ulstein kommune står ikkje-kommunale søkarar for 25 prosent av dei nye søknadene i perioden 2007 til 2017. Størst del ikkje-kommunale søkarar er det i Haram kommune, der dei står for 91 prosent av søknadene.