Helse- og omsorgstenestene
Færre plassar i helse- og omsorgsinstitusjonar i fylket
Talet på plassar på sjukeheimsavdelingar ved helse- og omsorgsinstitusjonar i fylket gikk ned i perioden frå 2012 til 2016. Nedgangen var på 6,5 prosent eller 163 færre plassar på helse- og omsorgsinstitusjonar. Nedgangen i talet på plassar var størst i Ålesund, Kristiansund og Molde, med ein nedgang på høves vis 42, 37 og 14 færre plassar. Størst auke i plassar var det i Vanylven, Sande og Sunndal, med høvesvis 20, 9 og 7 fleire plassar i 2016 enn i 2012.
Ser vi på talet på plassar på sjukeheimsavdelingar i helse- og omsorgsinstitusjonar i høve til folketalet i kommunane, ser vi store forskjellar mellom kommunane. I talet på plassar per 1 000 innbyggarar er det Rindal (19,2), Stordal (18,6) og Vanylven (18,1) som kjem høgast. I andre enden finn vi Giske (1,0), Sula (2,2) og Sykkylven (3,9). Samla for fylket er det 8,8 plassar ved helse- og omsorgsinstitusjonar per 1 000 innbyggarar.
I tillegg til helse- og omsorgstenester i institusjon tilbyr kommunane såkalla heimetenester, som inkluderer helseteneste i heimen (heimesjukepleie mm), praktisk bistand (heimehjelp), omsorgsløn og avlasting utanfor institusjon. Det er klart flest mottakarar av heimetenester. Dei utgjer om lag 85 prosent av alle mottakarane av helse- og omsorgstenester i fylket.
Samla var det om lag 14 000 mottakarar av institusjons- og heimetenester i fylket. I 2016 utgjorde gruppa 80 år og eldre 46,2 prosent av mottakarane, mens dei mellom 67 og 79 år utgjorde 17,7 prosent. Over ein tredel (36,1 prosent) av mottakarane var under 67 år.
For Møre og Romsdal samla utgjer mottakarar av helse- og omsorgstenester 5,3 prosent av befolkninga. Denne delen varierer frå 9,0 prosent i Tingvoll til 3,3 prosent av befolkninga i Skodje og Giske.