Petroleum

Færre sysselsette i petroleumsverksemdene  

Dei siste tre åra har vore prega av verknadene av fallet i oljeprisen frå over 100 USD sommaren 2014 til ein botn på under 30 medio januar 2016, for så å auke til om lag 50 USD i november 2016. Dermed vart 2014 med 83 779 sysselsette i petroleumsnæringane ein førebels topp for tal sysselsette i næringane. I 2015 var tal sysselsette nede i 72 968 og i 2016 hadde det gått vidare ned  til  63 201 sysselsette. 

Sysselsettingsstatusen til dei sysselsette i petroleums- næringane eit år seinare viser ein auke i delen som 
ikkje lengre er sysselsett. Gjennom heile perioden frå 2008 til 2015 har det vore ein overgang til andre næringar på over seks prosent. Dei siste to åra i perioden, 2014 og 2015, var denne delen auka til høvesvis 7,8 og 8,6 prosent. Samstundes hadde delen som ikkje var sysselsett eit år seinare auka kraftig. I perioden frå 2008 til 2014 låg den delen aldri over 5,9 prosent og var gjennomsnittleg 4,8 prosent. I 2015 auka den til 11,3 prosent, meir enn ei dobling frå året før, medan den i 2016 gikk ned til 11,1 prosent. 

I perioden frå 2008 til 2015 har det gjennomsnittleg vore om lag 4 700 personar årleg som har gått frå å ha vore sysselsett i petroleumsnæringane til andre næringar. Det er ikkje store skilnader frå 2014 og 2015 og åra før, anna enn at delen som har gått over til jordbruk, skogbruk og fiske er lågare enn perioden før, men forklaringa ligg meir i omlegging av statistikken* enn noko anna. 

Over tid har utdanningsnivået innan petroleumsverksemdene auka, som i dei andre næringane. Delvis skuldast dette at det har blitt sysselsett fleire yngre i næringane, som ofte har høgare formell kompetanse, men også at det har vorte skapt fleire arbeidsplassar med høgare kompetansebehov. I perioden frå 2003 til 2016 auka delen sysselsette med lang høgare utdanning med 6,5 prosent for menn og 15,6 prosent for kvinner, samla 8,6 prosent. 

* Frå og med 2015 bygger sysselsettingsstatistikken på A-ordningen, som er ei felles datakjelde for NAV, Skatteetaten og Statistisk sentralbyrå
** I tabellen er kategorien ’ukjend’ medrekna, noko som gjer at prosentane skil seg litt frå tabellen over.