Gjennomføring vidaregåande opplæring

Stor variasjon mellom kommunane i gjennomføringsgrad   

Møre og Romsdal er det tredje beste fylket i landet når det kjem til gjennomføring av vidaregåande opplæring, og dette gjeld både yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Gjennomføring blir målt over fem år for elevkullet som starta i 2011.

Tradisjonelt har det vore høgare gjennomføring i dei studieførebuande programma enn i dei yrkesfaglege. Fylket samla har ei gjennomføring på 75,6 prosent, med 89,1 prosent gjennomføring i studieførebuande program og 64,7 prosent i dei yrkesfaglege programma. 

Sju av kommunane i Møre og Romsdal har ei total gjennomføring på over 80 prosent. Best er Rindal med 88,9 prosent. Med andre ord har 88,9 prosent av alle elevane frå Rindal fullført vidaregåande opplæring i løpet av fem år, fordelt på 100 prosent for studieførebuande og 81,8 prosent for yrkesfaga. To andre kommunar, Sande og Smøla, har også 100 prosent gjennomføring i dei studieførebuande programma. To kommunar har over 80 prosent gjennomføring i yrkesfag. Det gjeld Rindal og Smøla. Smøla har høgast gjennomføring med 82,4 prosent.

Lågast samla sett ligg Gjemnes med 62,5 prosent. Gjemnes er den einaste kommunen som har høgare gjennomføring for yrkesfag enn for studieførebuande. 62,5 prosent gjennomføring i studieførebuande er det klart lågaste i Møre og Romsdal.

Av dei tre største byane er det Molde som gjer det best med 79,3 prosent gjennomføring totalt. Ålesund har 77,8 prosent og Kristiansund 70,8 prosent. For dei studieførebuande programma har Molde heile 94,4 prosent gjennomføring, noko som er svært høgt. I dei yrkesfaglege utdanningsprogramma har både Ålesund og Kristiansund høgare gjennomføring enn Molde.

Ein må merke seg her at tala for enkelte kommunar kan vere små, og at enkeltelevar kan gjere store utslag.