Ferjer og miljø

Miljøsatsing på ferje vil redusere utslepp av klimagassar vesentleg    

Bruk av diesel saman med gammal teknologi i ferjetrafikken medverkar i stor grad til utslepp av klimagassar. Ny og forbetra framdriftsteknologi og nye energikjelder vil kunne betre dette vesentleg. Møre og Romsdal fylkeskommune starta i 2016 på ein ny runde med utlysing (konkurranseutsetting) av fylkeskommunale ferjesamband. I vurderingane av kva samband som bør prioriterast for miljøferjer, har ein først og fremst lagt til grunn det totale forbruket av drivstoff.  Samband som er aktuelle for heilt eller delvis avløysing av fastlandssamband, er likevel ikkje prioritert. Dei to sambanda med størst del av dieselforbruket, Hareid - Sulesund og Sykkylven - Magerholm, vil starte med til saman fem nye miljøferjer i 2019 og 2020. På  desse sambanda vil ein redusere utsleppa med om lag 11 000 tonn CO2 i året.

Det blir stilt funksjonskrav i anbodskonkurransane for å oppnå miljøløysingar på ferjedrifta. Det er likevel slik at det er elektrifisering av ferjene som i den næraste framtida vil vere måten å oppnå utsleppsreduksjonar på. Ved elektrifisering er det nødvendig å ta ut store mengder energi frå straumnettet. Det er, noko forenkla, to måtar å gjere dette på, enten direkte frå straumnettet eller via batteribankar på land. Erfaring frå Hareid - Sulesund og Sykkylven - Magerholm tilseier at direktelading  er lite realistisk.

Miljøferjer vil føre med seg store kostnader til ferjekaier. Desse kostnadene vil i hovudsak knyte seg til to forhold:
1) faktisk tilpassing og oppgradering på kaianlegga

2) infrastruktur knytt direkte til miljøløysingar, for eksempel batteribankar på land, ladeløysing, fortøying.

Sjølv med gode støtteordningar frå Enova og NOx-fondet vil økonomi bety svært mykje for kor raskt vi kan fase inn miljøferjer.