Ufragmenterte område

Naturområda blir oppdelte       

Naturområde blir stadig stykka opp av menneskelege inngrep. Det fører til at mange areal blir så små og isolerte at dei ikkje fungerer som leveområde for dyr og plantar. Mange undersøkingar stadfestar dette. Toleransen til ulike artar er naturlegvis ulik, men generelt er det påvist betydeleg fleire artar i areal som er litt større enn tre kvadratkilometer (km2), enn i areal som er mindre. Både i global og nasjonal saman heng er tap av biologisk mangfald den store miljøtrusselen saman med klimaendringane. Fragmentering og tap av leve område er den viktigaste forklaringa.

Vegen er ei barriere      

Vegbygging medverkar vesentleg til fragmenteringa. Barriere verknaden vil naturleg nok variere med trafikken, men nokre artar vil alltid oppfatte vegen som eit stengsel mellom naturområda som vegen deler. Av det samla talet på område som ikkje er utbygd eller gjennomskore av veg, er langt dei fleste mindre enn 400 dekar, og berre eit fåtal er større enn tre km2.

Møre og Romsdal kjem ikkje særskilt godt ut i denne statstikken. Fylka er såpass ulike at dei ikkje kan samanliknast direkte, men statistikken viser likevel eit bilde av ein svært oppdelt natur i store deler av landet. Det er ingen grunn til å tru at oppdeling og nedbygging av naturareal stoppar.

Det er berre Finnmark fylke som skil seg ut i gjennomsnittleg størrelse på naturområda. Eit lite tal svært store areal drar gjennomsnittet opp over 40 km2. Oslo ligg naturleg nok i andre enden, med lite samla areal og stort folketal. I Møre og Romsdal er gjennomsnittleg størrelse på naturareala 3,62 km2, og fylket ligg såleis i nedre halvdel av statstikken saman med Hordaland, som har like stort areal, men nær dobbelt så mykje folk.