Sysselsetting menn og kvinner
Stor manns- eller kvinnedominans i enkeltnæringar
I alt er 7 551 fleire menn enn kvinner sysselsett i fylket. Størst forskjell er det i aldersgruppa 25–39 år, der 2 330 fleire menn enn kvinner er sysselsette. I alt var det i 2016 sysselsett 67 189 menn og 59 638 kvinner i fylket. Det er berre i aldersgruppa 15–19 år det er fleire sysselsette kvinner enn menn.
Arbeidslivet i fylket framstår ikkje som særleg kjønnsdelt om vi ser på total sysselsetting. Held vi næring utanfor, er det omtrent balanse, med 53 prosent menn og 47 prosent kvinner.
Bryt vi desse tala ned på næring, ser vi fort at det er store forskjellar innan enkeltnæringar og næringsgrupper.
Den mest mannsdominerte næringsgruppa er Bygge- og anleggsverksemd, der 91,6 prosent av dei sysselsette er menn. Transport og lagring og bergverksdrift og utvinning er også svært mannsdominerte, med 85,4 prosent menn i begge næringsgruppene. Det er berre ei næringsgruppe som er like kvinnedominert som desse næringsgruppene er mannsdominerte, og det er helse- og sosialtenester. Der er 84,2 prosent av dei sysselsette er kvinner.
Bryt vi tala enda lengre ned, frå næringsgrupper til enkeltnæringar, ser vi ein enda større grad av kjønnsdeling i nokre av næringane. Dei fem mest mannsdominerte enkelt-næringane er spesialisert bygge- og anleggsverksemd, oppføring av bygningar, fiske, fangst og akvakultur, landtransport og røyr transport og anleggsverksemd. I desse fem næringane er det i alt syssel sett 15 705 personar, og av desse er 91,4 prosent menn.
Dei fem mest kvinnedominerte enkeltnæringane er undervisning, helsetenester, omsorg utan bustadtilbod, barnehagar m.m., anna personleg tenesteyting og pleie og omsorg i institusjon. I desse fem næringane er det i alt sysselsett 39 405 personar, og av desse er 80,2 prosent kvinner.