Nedbygd areal

Vi set fotspor    

Korleis vi påverkar naturareala, er mest synleg der vi bruker areal til bygningar, konstruksjonar og permanent opparbeidd overflate. Det vi kan kalle nedbygd areal. Kvar innbyggar i Møre og Romsdal brukar i snitt 1 165 m2 nedbygd areal. Isolert sett er talet lite, og det seier heller ikkje mykje om det totale fotsporet i naturen. Men det kan fortelje noko om kor effektivt ein utnyttar areal som ressurs.

Transport er arealkrevjande    

Statstikken viser at vegane utgjer den største delen av det nedbygde arealet i Noreg. «Anna bebyggelse og anlegg» inkluderer jernbane og flyplassar, og saman med vegarealet utgjer desse to kategoriane nær halvparten av alt nedbygd areal. Bustader utgjer ein firedel, og er vesentleg mindre enn arealet ein nyttar til transportføremål. Parkar, andre grøntområde og idrettsanlegg representerer berre fire prosent, mens den siste firedelen er nokså likt delt mellom næring og offentleg tenesteyting (skolar, barnehagar, omsorgsbygningar mm), fritidsbusetnad og bygningar og konstruksjonar knytt til primærnæringane.

Møre og Romsdal nær landssnittet, men aukar meir    

Fylket ligg kring landsgjennomsnittet for alle variablane i denne statistikken, inkludert samla areal nedbygd per innbyggar. Samanliknar vi med vestlandsfylka, ser vi at Hordaland og Rogaland har ein betydeleg meir effektiv areal bruk samla sett, mens det er omvendt i Sogn og Fjordane. Sistnemnde fylke har også relativt sett mykje meir vegareal, meir enn 50 prosent. Berre i tett folkesette Oslo og Akershus er bustadarealet større enn vegarealet.

Ser vi på utviklinga frå 2011, finn vi at Møre og Romsdal har hatt ein sterkare prosentvis auke i nedbygd areal enn landsgjennomsnittet. Auken er høvesvis 4,3 og 3,4 prosent. Frå 2011 til 2017 har Møre og Romsdal hatt ein auke på 20,6 prosent i areal til fritidsbusetnad, mens auken på landsbasis var på 10,5 prosent.