Trafikkulykker

Trenden med færre drepne og hardt skadde held fram    

I 2016 var det 135 drepne i vegtrafikken i Noreg, 18 fleire enn i 2015. Men 2015 var eit spesielt positivt år, med det lågaste talet drepne i trafikken sidan 1947.

Særtrekk ved ulykkessituasjonen i landet i 2016: 

  • ingen drepne barn under 10 år
  • mange drepne menn i alderen 45–64 år
  • få drepne og hardt skadde i møteulykker
  • høg del av dei drepne og hardt skadde var på kommunale vegar
  • mange drepne og hardt skadde syklistar
  • mange drepne og hardt skadde på MC

I 2016 vart 5 drepne og 311 skadde i trafikken i Møre og Romsdal. Bilførarane utgjorde 52 prosent av dei skadde, bilpassasjerane 25 prosent og motorsyklistane (inkl. lett) 12 prosent. Syklistar og fotgjengarar stod for tre prosent kvar. I Sør-Trøndelag utgjorde syklistane 14 prosent av dei skadde.   
Dei to aldersgruppene som skil seg ut i statistikken over drepne i trafikken i Møre og Romsdal dei siste ti åra, er ungdommar frå 18 til 24 år og gruppa 45–54 år.
Mål for utviklinga av trafikktryggleiken vart fastsett i Nasjonal transportplan 2014–2023. Målet er at talet på hardt skadde og drepne skal halverast innan 2024, samanlikna med gjennomsnittet for perioden 2008–2011. Dette betyr at det maskimalt skal vere 500 drepne og hardt skadde i vegtrafikken i 2024.  Vi ser at talet på drepne og hardt skadde i Møre og Romsdal er redusert i perioden 2000– 2016. Det er òg lagt inn målkurver for perioden 2014–2024.
Om vi bryt ned dei nasjonale måla på fylkesnivå, blir målet at vi skal ha 45 prosent færre drepne og hardt skadde i 2024 samanlikna med gjennomsnittet for åra 2009–2012. For Møre og Romsdal ser vi at den prosentvise reduksjonen må vere på heile 54 prosent for å nå måltala, altså ein større reduksjon enn for landet samla.